|
|
|
Artiklar Skribentar Heimesider Forfatteren Studentteater Supermaria Om skrift.no
|
06.03.2010 (Kronikk i Dagbladet 05.10.1996): Idar Lind : Sjöwall og Wahlöö-syndrometDet største problemet med kriminallitteraturen er at sjangeren i sitt grunnleggande vesen er kommersiell. Særeigent for Norge er i tillegg ei sterk overvurdering av det samfunnskritiske potensialet, det vi kan kalle «Sjöwall og Wahlöö-syndromet». Som lykkelig prisvinnar hevda eg i 1985 at «krim er en utmerket måte å avsløre råttenskapen i samfunnet på». Eg framsto den gongen som eit offer for den vrangforestillinga at kriminalromanen på sitt beste er ein realistisk, samfunnskritisk sjanger. Andre som har gitt uttrykk for liknande synspunkt er Ingvar Ambjørnsen, Anne Holt, Jon Michelet, Gard Erik Sandbakken, Fredrik Skagen, Kim Småge og Gunnar Staalesen. Alle desse er representantar for den temaorienteringa som Pål Gerhard Olsen peikar på i sine kronikkar om kriminalromanar i korsett - og som Anne Holt eksplisitt forsvarar i sitt innlegg. Fleire (kanskje alle) meiner også at sjangeren er meir eigna til samfunnskritikk enn skjønnlitteratur generelt, ikkje minst på grunn av kombinasjonen seriøs tematikk og høge opplagstal. Somme har stått fram med tildels svært stor tru på effekten av nettopp sine eigne bøker. Denne moralistiske dominansen i norsk kriminallitteratur har eksistert sia midt på syttitalet, da ekteparet Maj Sjöwall og Per Wahlöö gjorde sjangeren respektabel i radikale kretsar. Kjartan Fløgstad ga sitt bidrag gjennom essayet «Den dialektiske detektiv» (Basar nr 1 1976), der han (med referansar til Lévi-Strauss, Lukács og Gramsci) framhevar Raymond Chandler og Dashiell Hammett, mens Willy Dahl sørga for at krim fekk plass på studieplanane ved norske universitet. I opposisjon til meg sjøl (og til høglydt protest frå kollegaer) hevda eg tidlig på nittitalet at det samfunnskritiske potensialet i krminallitteraturen er sterkt overvurdert. I tunge stunder kan eg påstå at det ikkje eksisterer. António Steen har erfaring med dette frå den sjølbiografiske romanen «Ormens gift» (under psevdonymet Idar Lind, 1986). Her vart han involvert i ein autentisk debatt om brevklubbar som formidlar kontakt mellom norske menn og asiatiske kvinner. Romanen kom ut eitt år etter at temaet hadde mista all interesse i media og to år før debatten igjen hadde ei kort oppblomstring - og vart naturlig nok oversett. Telma B.S. Hansens møte med pedofile mordarar i «Usynlige spor» (under eige namn, 1994) er på fleire område ein blåkopi av det som i desse dagar er blitt avslørt i Belgia - utan at lesarane den gongen oppfatta boka som anna enn rein fiksjon. To gode eksempel på kriminalromanar med høgt samfunnskritisk ambisjonsnivå, er Fredrik Skagens «Voldtatt» (1985) og Kim Småges «Kainan» (1986). Begge bøkene resultat av grundig arbeid med inngåande gransking av to interessante tema (valdtekt og frimureri) - og i begge blir ambisjonane torpedert av den litterære sjangeren. Den typiske valdtektsmannen kjenner offeret svært godt. I ein kriminalroman blir spenninga større med serievaldtekt utført av ein ukjent psykopat. Fredrik Skagen valde det siste, sjøl om det første er meir skremmande i det verkelige livet. Dermed skaper han avstand til - og ufarliggjer delvis - sitt eige tema. Det samme blir effekten når Kim Småge vil vise den ytterste konsekvensen av dei konspiratoriske sidene ved frimureriet. Det er mulig at forfattaren har grunnlag for å påstå at norske frimurarar er villige til å drepa for å unngå at konspirasjonen blir avslørt, men for lesaren blir drapet ein sjangerkonvensjon. Kriminalromanen har alltid vore underhaldningslitteratur - også når det dreier seg om pedofile mordarar. Den norske hovudstraumen har i meir enn tjue år vore å fylle underhaldninga med gode intensjonar, men for lesaren eksisterer ikkje noke eigentlig krav om realisme. All sjangerlitteratur opererer med sine eigne konvensjonar som styrer lesinga, bevisst og ubevisst. Desse konvensjonane kan forfattaren prøve å sprenge, men sjeldan med særlig hell. Også Sjöwall og Wahlöös samfunnskritiske romanar blir i ettertid sine egne meta-parodiar - utan at dette reduserer kvaliteten verken for den radikale eller reaksjonære lesaren. I forlagsbransjens «børs og katedral» høyrer kriminalromanen heime i børsen. Det er kommersielle omsyn som styrar. Også Anne Holt veit nok at det verken er litterær kvalitet eller det at ho er ein typisk representant for moralismen i norsk krim som har gitt henne klippekort til bokklubblistene. Det er mediesamfunnet (og forlagsøkonomien) som treng slike som henne. Der Jon Michelet tok steget frå litteraturen og inn på TV-skjermen, gjekk Anne Holt den motsette vegen. Begge er frittalande og karismatiske, begge er fulle av gode intensjonar. Det kunne ha vore verre. Pål Gerhard Olsens kamp for litterær kvalitetsheving er ein håplaus kamp - så lenge stort salg ikkje er ein konsekvens av kvalitet. Så er det da heller ikkje sjangeren i full breidde som er hans interessefelt. Dette framgår av hans på samme tid utvida og avgrensa definisjon av kva ein kriminalroman er: «I mine øyne er det ingenting annet enn en roman om en forbrytelse.» Ankepunktet mot denne klassiske definisjonen er at den inkluderer mange litterære verk som etter subjektivt skjønn ikkje er kriminalromanar («Forbrytelse og straff», «Medmenneske», «Det svundne er en drøm», «Rosens navn»). Gjennom si prioritering av det han kallar «mine honnørord språk og psykologi» signaliserer Pål Gerhard Olsen at han med «roman om en forbrytelse» meiner noko som ligg nærmare «roman» enn «kriminalroman». Anne Holts tilleggsdefinisjon «... og om (den forsøksvise) oppklaringen av den» reduserer kriminallitteraturen til detektivlitteratur, noko som gjer korsettet strammare enn nokon bør ha interesse av. Så endar da også alle definisjonsdebattar med at det er umulig å definere sjangeren. Min versjon er «Ein kriminalroman er ein roman som utgir seg for å vera ein kriminalroman.» Like umulig er debatten om kritikken. Kjell Ola Dahl argumenterer for at kriminalromanen må «evalueres etter samme kriterier som annen litteratur». Innebygd i dette er minst to påstandar: At det eksisterer eit tilnærma objektivt utgangspunkt for evaluering av litteratur - og at kritikken ikkje er sjangerspesifikk. Begge påstandane er meiningslause. Det er umulig å bruke dei samme kriteriane for kritikk av eit modernistisk dikt og ein lovsalme - eller ein kriminalroman. Uavhengig av korsettet: Det blir gitt ut altfor mange kriminalromanar i Norge - av reint kommersielle grunnar. Dei middels gode bøkene får ein ufortjent stor plass i media - og blir litt for ofte skamrost av kritikarane. Den velmeinte moralismen har ein overdimensjonert og overvurdert posisjon - og fungerer som ei legitimering av kvantitet, heller enn kvalitet. Det kriminallitterære lauget tar ikkje ansvar, men så er det også ein koseklubb - Rivertonklubben - som har ein tendens til å framelske kvantitet der eit laug i tradisjonell forstand ville sette si ære i å halde handverkstradisjonane høgt. Det hender at António, Telma og eg skriv krim, og for tida har vi plassert oss der Pål Gerhard Olsen helst ikkje vil vera: Midt i sjangeren, der merkelappen «kriminalroman» fortel lesaren omtrent kva ho kan vente seg. Av og til snik det seg nok inn ein dose moralisme, men i hovudsak skriv vi i lyst og fryd over å kunne leike oss med sjangerkonvensjonane, inkludert dei som gjeld bruken av psevdonym. Derfor vart dette opprinnelig skrive av António Steen, nattportier og Telma B.S. Hansen, overkonstabel - men Dagbladet ville ha innlegget i mitt namn. (Lenke til Dagbladartikkelen med resten av debatten.) |
|
Ansvarlig : Idar Lind |
Logg inn © Den namngitte opphavsmannen / The named writer |