![]() |
|
Artiklar Norrøn mytologi Skribentar Heimesider Forfatteren Studentteater Supermaria Om skrift.no ![]() |
21.05.2013: ![]() ![]() ![]() Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no) ![]() Tre slekter i manne-ætta Den tredje av desse jarlen Han fekk eige odelsvollar odelsvollar utgamle bygder Ein-eigar vart han atten gardar Verset frå opninga av Håkon og Kark bygger på Edda-diktet Rigstula (Rígsþula). Teksten fortel om korleis guden Heimdall under namnet Rig vart stamfar til dei ulike samfunnsgruppene, stendene i det norrøne samfunnet. Jarlane og høvdingane var den høgaste av stendene, dei to andre var trælane og bøndene. Rigstula fortel at Moder var gift med Fader. Med Moder fekk Rig sonen Jarl, som vart gift med Erna. Dei fekk sønene Bur, Barn, Jod, Adal, Arve, Mog, Nid, Nidjung, Svein, Son, Kund og Kon. Frå desse kjem alle jarlar. Far til Erna heitte Herse. ![]() Tolking av namna er vanskeleg, men i hovudsak representerer dei posisjonar i samfunnet eller familien. (Aðal, truleg ‘odel’; Arfi, ‘arving’; Barn, ‘barn; menneske’; Burr, ‘son’; Faðir, ‘far’; Hersir, ‘herse, høvding’; Jarl, ‘jarl, høvding’; Jóð, ‘(nyfødd) barn, avkom’; Konr, ‘ætling, son, mann’; Kundr, ‘son, ætling’; Móðir ‘mor’; Mǫgr, ‘son, mann’; Niðr, ‘ætling, slektning’; Niðjungr, ‘ætling, etterkommar’; Sonr, ‘son’; Sveinn, ‘gut; kar; fri mann i teneste’). Erna er omsett med ‘den raske’. Illustrasjon: Håkon Ladejarl var trulig den mektigaste jarlen i norsk historie. Her i Christian Krohg sin strek, saman med Tora på Rimol og trælen Tormod Kark. Aktuell Edda-tekst på fleire språk (nettstaden Heimskringla): Rígsþula (vers 26-47 i den nynorske versjonen) |
Ansvarlig : Idar Lind |
Logg inn © Den namngitte opphavsmannen / The named writer |