![]() |
|
Artiklar Norrøn mytologi Skribentar Heimesider Forfatteren Studentteater Supermaria Om skrift.no ![]() |
19.07.2013: ![]() ![]() ![]() Om dei mytologiske referansane i Håkon og Kark. (Tekst Idar Lind, musikk Frode Fjellheim.) (korsvikaspillet.no) ![]() ![]() Sigurd: Du veit ka det heite: Makta si bør den som har vett, berre bruk med måte. Bergljot: Og det veit du lik godt som mæ, Sigurd: Bruk makta må du, om du vil hold fast på ’a. Replikken til Sigurd Ladejarl er eit visdomsord henta frå Edda-diktet Håvamål. Håvamål (Hávamál, ‘den høges tale’) er eit gudedikt i Den eldre Edda. Teksten er lagt i munnen på Odin. Truleg har det eigentleg vore fleire sjølvstendige dikt. Den første delen er ei samling ordspråk. Den andre ei historie om korleis Odin forelska seg i Billings møy. Den tredje er om Suttungmjøden. Den fjerde er ei samling gode råd retta til Loddfåvne. Den femte er om Odin sjølv, ikkje minst tilhøvet hans til runer. I den sjette delen listar han opp atten ulike galdrar, tryllesongar, som han kan. |
Ansvarlig : Idar Lind |
Logg inn © Den namngitte opphavsmannen / The named writer |