INGRID BJØRKUM

 BIBLIOGRAFI
 Jonas og jakta på T.Rex
 Mias dagbok

 skrift.no er ein del av
 Litteraturnettet

Fødd: 19.2.57 i Drøbak.
Barndom: saman med 4 søsken på gardsbruk i Naddvik, Årdal i Sogn.
Utdanning: Norges landbrukshøgskole 1980 - naturforvaltar.
Yrke: fylkesmiljøvernsjef hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Kurs: Helgekurs i regi av Skrivelaget i Sogn og Fjordane Ei vekes skrivekurs ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Medlem i: Skrivelaget i Sogn og Fjordane og Norsk Forfattersentrum.
Adresse: Stytti 2, 5840 Hermansverk.

Eg har tatt på meg nokre oppdrag i barneskulen - høgtlesing og samtale om boka / høyrespelet og det å skrive, og synest det var artig. Eg har full jobb og får for lita tid til å skrive, men håpar eg innan eit par år skal kunne ta meg permisjon nokre månader for å skrive på heiltid. Eg er interessert i kontakt med likesinna - de som skriv, men ikkje kan ha det som leveveg (enno), og som har familie og anna å ta dykk av. Korleis skaffar de dykk tid og rom? Ynskjer gode tips, eller berre utveksling av tankar og draumar....

BIBLIOGRAFI

Mias dagbok, Samlaget i 1993, ungdomsroman.
Mia og Mari, høyrespel NRK- Radio Oransj, 1994.

Jonas og jakta på T. Rex, høyrespel for NRK- Radio Oransj, 1996.

3 noveller til Rikstrygdeverket sitt hefte "Det angår også deg" for vidaregåande skule 1995.

Div. dikt og noveller trykt i div. aviser og blad frå 1976 til dd.

Jonas og jakta på T.Rex

- ei forteljing for born, sendt i Barnetimen for dei minste i NRK våren 1996.
av Ingrid Bjørkum

1. Jonas ertar Fredrik, og må gøyme seg saman med Karianne
2. Dinosaurane får ein konge, og Martin kjem på besøk
3. Jonas og Svein ser på TV og et kveldsmat
4. Jonas og Karianne leikar med Lego. Fredrik må gå.
5. Kvar er Tyrannosaurus Rex?
6. Jonas finn eit mystisk kort, og stolar på Martin
7. Jonas og Martin legg planar
8. Jonas sjekkar Mistenkt nr. 1.
9. Martin og Jonas forhøyrer Mistenkt nr. 2
10. Martin tek seg av Mistenkt nr. 3
11. Kva med Martin?
12. Jakta på T. Rex - del 2
13. Jonas orkar ikkje pizza
14. Jonas og Martin spionerar
15. Rikke møter Tom
16. Rikke fortel
17. Jonas, Tom og T. Rex

1. Jonas ertar Fredrik, og må gøyme seg saman med Karianne

Dette er forteljinga om Jonas og venene hans, om ein forsvunne dinosaur og om ein far som segla jorda rundt.

Jonas var 6 år og budde saman med Rikke, som var mora hans. Av og til krangla dei. For eksempel den gongen Jonas klipte luggen sin, fordi han ikkje likte "bolleklippen" mora og frisøren hadde meint at han kledde så godt. Jonas visste godt kva Rikke tenkte på då. Det var like før ho sa det: "Berre far din hadde vore her no!"

Men faren var ikkje der, og han kom aldri heller. Jonas hadde slutta å vente på han. Same kva Rikke sa. Før hadde han drøymt om ein far. Ein skikkeleg stor og sterk og snill far som tok han opp på skuldrane og sprang rundt i stova med han. Som låg på golvet og køyrde med togbana, som bygde flotte romskip med legoklossane hans, og som gjekk skikarusellen saman med Jonas. Han skulle plutseleg stå der i døra ein dag, når Jonas kom heim frå førskulen, vere brun som ein indianar og ha ei papegøye på den eine skuldra. Ho skulle vere gåve til Jonas, vere raud og grøn og gul og seie "Goddag, goddag" - eller kanskje "Hello, hello" på engelsk.

Men det skjedde aldri, og Rikke kunne ha forteljingane om faren som hadde reist til sjøs og skulle segle jorda, for seg sjøl. Han må ha segla jorda rundt mange gonger no, tenkte Jonas, for det tok i alle fall ikkje meir enn 80 dagar, det hadde Fredrik sagt.

Når han blei litt større skulle han dra av stad og leite etter faren. Han skulle seie at han lengta etter han, og at han måtte kome heim og vere ordentleg far. Dessutan var Rikke eigentleg ganske grei å bu saman med. Det var ingen andre fedre som gjorde slik som faren til Jonas. Jonas fekk vondt i magen når han tenkte på det. Det var veldig dumt. Nesten alle han kjende hadde ein far heime - til og med Fredrik. Faren hans køyrde drosje og bygde modellfly saman med Fredrik.

Fredrik sat ved sida av Jonas på førskolen. Han pleide å dunke han i sida med albogen. - Sjå her, Jonas, maste han, er ikkje denne flott? Så måtte Jonas sjå på teikninga hans for minst femte gong. Fredrik teikna fly. Fly i alle fasongar. Store og små, runde og avlange, med og utan propell, i alle slags fargar, jetfly og bombefly og seglfly. Han ville bli flygar når han blei stor, så klart. Ein gong Jonas blei lei av å sjå på flya hans, sa han at Fredrik var for tjukk til å bli flygar. Han kom ikkje til å få plass bak spakane i cockpiten. Då blei Fredrik sur, og sa at Jonas skulle få juling i friminuttet. Men Jonas berre stakk av og gøymde seg bak skuret, før Fredrik hadde fått på seg jakka eingong.

Då han stod der bak skuret og kikka forsiktig rundt hjørnet, høyrde han det rasla bakafor seg, der søppelspanna stod. Han skvatt i veret, trudde det var Fredrik som hadde lurt seg rundt det andre hjørnet. Men så såg han eit krøllete jentehovud dukke forsiktig opp bak eit spann. Det var Karianne, brilleslangen. Av og til erta dei Karianne og ropa "brilleslange, brilleslange" eller "det var ein gong ein sebra som ikkje kunne se- bra"... etter henne. Jonas lika det eigentleg ikkje. Han pleide å halde seg i utkanten. Av og til erta dei han også. Fordi han ikkje hadde nokon far. Lenge hadde han sagt at faren segla jorda rundt og snart kom att, men no gadd han ikkje svare. - Kvifor gøymer du deg? kviskra Karianne bak han. - Bryr ikkje deg, svara Jonas og heldt utkikk. Men så høyrde han eit snufs, og skotta over skuldra. Æsj, jammen gret ho ikkje. Alltid skal jenter sippe. - Kom her, kviskra han. Eg ser etter Fredrik. Han vil jule meg fordi eg sa at han ikkje kan bli flygar. - Kvifor det? snufsa Karianne og strekte seg på tå for å kikke over skuldra til Jonas. - Det skjønar du vel! sa Jonas og snudde seg. Det såg ut til at Fredrik hadde funne nokon annan å jule. Eller han spela fotball, stod vel i mål som vanleg.

Mias dagbok

ein ungdomsroman av Ingrid Bjørkum
© 1993 Det Norske Samlaget
ISBN 82-521-4221-4

Tysdag 6. mars

Denne hybelen gir meg av og til ei kjensle av å vere innesperra. Det er vel slik med kjellarhyblar. Og særleg når ein er åleine og ventar på nokon som er altfor seint ute. Så seint at det blir mistenkeleg. Slik var det i går kveld. Eg hadde gjort alle leksene og rekna med at Karsten ville kome innom før han gjekk på kino. Men då klokka blei over halv åtte og han ikkje hadde vist seg, fekk eg altså den kjensla av å vere sperra inne -- i eit kaldt, rått hol... Han var sikkert sur på meg enno. Eg hivde på meg jakka og sprang over til Herdis. Hybelen hennar var ikkje stort trivelegare, så eg fekk henne med på kino -- kanskje trefte eg han der... Men vi såg ikkje snurten av fyren, ikkje før filmen hadde byrja. Då kom han, den tosken, og sette seg ein stad lenger framme i salen. Etterpå drog Herdis av garde med ein gjeng klassekameratar, medan han og eg gjekk side om side oppover bakkane til hybelen. Han sa ikkje eit ord heile vegen, og eg var bra forbanna. Då vi kom til krysset, ville han gå vidare heim til seg, men sa så at han skulle hente noko hos meg først. Eg forstod absolutt null. Då eg opna ytterdøra såg eg blomane. Han hadde vore der med tulipanar til meg! Etter at eg hadde gått... Så hadde han blitt forbanna då, over at eg ikkje var der for å ta imot ein angrande syndar... Og no skulle liksom EG angre?

Fader så sinna eg blei! Han òg. Han tok tulipanane og reiv blad og blomar av i raseri. Lyden av stilkar som knakk og synet av blomstersaft som rann fekk meg på gråten. -- Men så hald opp då, menneske! ropte eg visst. Han kasta restane på golvet og storma ut. Eg sokk ned i sovesofaen og var nokså sjokka, ja faktisk litt redd. At HAN kunne vere så voldsom?

Onsdag 7. mars

I dag regna det då eg vakna. Skikkeleg pisseregn, skodde iblanda den grå røyken frå fabrikken hang tungt over hustaka. Det lukta verre enn vanleg. Ein dag for hovudpine. Ein dag for å trekke dyna over nasetippen og sove vidare. Men også dag for matteprøve -- o gru! Eg måtte opp -- treng å forbetre karakteren min i det faget. Tre nokså ribba tulipanar i ein vase minte meg altfor brått på gårsdagen. Opp og ut på det heller kalde badet. Dusjen gav i alle fall frå seg ein varm stråle, og etter ein kopp gloheit pulverkaffi og ei skive med mors solbærsyltetøy byrja det så smått å vakne til liv i dei små grå. Laurdag er det jo fest! sa ei av dei plutseleg, og eg vart straks mildare stemt. Fann fram den grå skulderveska, rasa gjennom nokre sider av matten, og sprang til skulebussen då dei første sleipe orda av morgonandakten seiv ut gjennom eteren. Slik eg gjer kvar morgon. Det er om å gjere å kome akkurat i det same bussen svingar inn på haldeplassen -- ikkje før, ikkje seinare.

Dersom han er i rute går det med rask gange, eg kan sjå han minuttet før eg må vere der, og kan skru opp tempoet om det trengst. Er han for sein, og eg ikkje ser han der eg brukar å få auga på han, kan eg slå av på farten. Å stå og kope på haldeplassen er for dumt. Berre treigingane gjer det. Så er det 20 minutt med drittslenging, soving eller siste overblikk over ei eller anna lekse. Er det ein riktig dårleg dag, håpar eg i mitt stille sinn på eit aldri så lite ras på vegen, såpass at han blir stengt nokre timar... Akkurat som eg drøymde om at skulen skulle brenne ned då eg var mindre...

Men tilbake til dagen i dag. Den byrja jo nokså jævlig, men kom seg då eg fekk skryt for siste fysikkprøven, som blei utdelt samstundes med den nye matteprøven (trur den gjekk sånn passe), og ved tanken på festen. For ein gongs skuld skal eg ikkje heim att i helga, det kriblar i heile kroppen! Det er klassefest (begge parallellane) på ungdomshuset -- dans, moro. Så kan typen berre vere sur, eg bryr meg ikkje. Eg gidd ikkje la han bestemme humøret mitt -- no skal eg ha det gøy, basta!

 ingrid.bjorkum@fm-sf.stat.no  

OM INGRID BJØRKUM:
 Litteraturnettet
 Norsk Forfattarsentrum

 Forfattarkatalogen    Tidsskriftet  'Forfatteren'    Spelkalender    lind.no  

webmaster@skrift.no (Idar Lind)