ODDMUND HAUGEN

 FIRE DIKT

 skrift.no er ein del av
 Litteraturnettet

Eg er fødd i Vråliosen 25/5-51. Heimbygda mi heiter Vråliosen og ligg i Kviteseid kommune i Telemark. Sidan 1972 har eg budd i Porsgrunn/Skien.

Er utdanna adjunkt og har arbeidd på alle klassesteg i grunnskulen. Har også arbeidd som pedagogisk rettleiar i Skien kommune og vore medierettleiar for Avisene si skuleteneste i fylket.

Har eit allsidig interessefelt og har hatt mange oppgåver innanfor det friviljuge organisasjonslivet, spesielt på kultur -, kyrkje- og idrettsfronten. Eg har også hatt mange sekretæroppgåver i råd og utval, til dømes sekretær i Telemark forfattarlag.

Lyrikkdebuten min var i 1975 med diktsamlinga "Doggdropen" (Ansgar forlag). Fylgjande kan seiast om denne samlinga: Bileta er henta frå naturen. Menneskelivet er som doggdropar. Når solstrålane slepp til, ser ein kor fargerike doggdropane blenkjer. I lyset frå det gode blenkjer også menneskelivet.

I 1976 kom diktsamlinga "Elvesteinen" (Ansgar forlag). Kort innhaldsreferat: Elvesteinen er symbol på menneskelivet. Elvesteinane er ulike. Mange tilhøve er med på å forme ein elvestein.Ulike straumar av medgang og motgang formar også eit menneskesinn. Mot denne bakgrunnen blir då livet ofte eit val der det gjeld å velje på beste måte.

I 1979 utgav eg ei diktsamling som fekk namnet:"Gras og ugras" (Ansgar forlag). Kort innhaldsreferat: Denne samlinga er ei vidareføring av dei to fyrste. Gras og ugras er symbol på positive og negative krefter i tilværet.Det er viktig å luke bort ugras som øydelegg for menneska.

I 1996 kom den fjerde diktsamlinga mi. Den heiter "Lengtande landskap" (Sambåndet forlag). Kort innhaldsreferat: Her fins dikt med ulik form. Kortdikta syner på mange måtar augneblinka i livet,dei små og daglegdagse hendingane. Haustlandskap og vårlandskap talar om samspel mellom natur og menneskenatur. Salmane er den melodiøse lengten etter tryggleik i tilværet.

På 1980-talet og utover har eg skrive ein god del songtekster og samarbeidd med ulike komponistar, musikarar og songarar. Ein av dei mest kjende songtekstene mine er "Doggdropen" som er tonsett av Gunstein Draugedalen.

Eg har også utarbeidd eit visejazzprogram som heiter "Haustlandskap." Komponisten eg har samarbeidd med her heiter Magne Askeland. Elles kan eg tilby eit kyrkjekonsertprogram som heiter "Songen om årstidene" med melodiar av Magnar Kleiven, Magne Vestøl og Per Tveit.

I 2002 kom CD-en Møtestader.(Tekster: Oddmund Haugen / melodiar: Terje Grøndahl). Dette er også tittelen på eit konserttilbod med songaren Cecilie Schilling og musikarar. Sjå: www.motestader.no.

Kva eg likar å skrive om / er mest oppteken av:

Eg likar godt å skrive kortdikt. Kortdikta skildrar stundom eit viktig meiningsinnhald med få ord. Innhaldsmessig omhandlar ofte dikta mine skaparverk,natur og samspelet mellom menneske. Eg er også oppteken av krig-fred problematikk.

FIRE DIKT

BLÅKLOKKER

Stille på jorda.
Fred på jorda.
Berre mjuk innbyding
frå blåklokker i bøn:
Kom, ver med på høgmessa
der ingen seier noko.

(Haugen / "Doggdropen"-75)

Å KØYRE HEIS

Mange menneske
misser både munn og mæle
når dei køyrer heis.
Dei står liksom med eitt
altfor nær kvarandre då -
i eit altfor lite rom
der sekundane vert
altfor lange...
Det er pinleg
å køyre heis med andre
og berre smile kunstige smil
fordi ein tykkjer ein må.

(Haugen / "Elvesteinen"-76)

BANKBOK

Han var ingen bokorm
men ei bok las han dagstøtt -
si eiga bankbok.

(Haugen / "Gras og ugras"-79)

KIRSEBÆRTREET

I dag veks det kvitveis
på treet i hagen
sa vesleguten min
då han såg
kirsebærtreet bløme.
Heldig er alle dei
som kan undre seg
over det vakre -
utan eigentleg å vite...

(Haugen / "Lengtande landskap"-96)

OM ODDMUND HAUGEN:
 Litteraturnettet
 Norsk Forfattarsentrum
 Forfattarkatalogen    Tidsskriftet  'Forfatteren'    Spelkalender    lind.no  

webmaster@skrift.no (Idar Lind)