![]() |
ANN KAVLI
|
|
![]()
Foto: |
Fødd på Åndalsnes 1960. Bur i Oslo. Utdanning Strykejernet Kunstskole i Oslo, 1998. Har tidlegare jobba som journalist, redaktør, filmprodusent og informasjonsleiar. Orginal og personlig språkbeherskelse "Ann Kavli er ein forfattar som viser orginal og personlig språkbeherskelse", skreiv kritikarar m.a. om romanen Delfinens Smil då den utkom i 1995. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Noko skal hende deg, ei diktsamling som vart lagt merke til i det litterære miljøet. Ann Kavli har skreve dikt og romanar for vaksne, men òg dikt og drama for barn og ungdom. Hennar drama, Spøkelset som ikkje ville spøke, er innkjøpt av Fondet for Ny Norsk Dramatikk. I 1996 var ho invitert som ei av sju nye litterære stemmer til Dei litterære Festspela i Bergen, saman med festspeldiktaren Herbjørg Wassmo. Ho har halde fleire skrivekurs for barn, ungdom og vaksne, mellom anna ved Folkeuniversitetet i Oslo. Ann Kavli er ein av inititativtakararne til FORFATTERNE KOMMER!, som arrangerer litterære program m.m. på Josefine i Oslo. BIBLIOGRAFI Noko skal hende deg, dikt, 1991, Samlaget Fire fargar seinare, roman, 1993, Samlaget Mor og barn, diktantologi, 1993, Aschehoug Delfinens smil, roman, 1995, Samlaget Natt i Nytt hus, antologi, dikt for barn og ungdom, 1995, Samlaget Akvatinter, dikt, 1996, Samlaget Dikt om kjærlighet, diktantologi, 1996, Orion Spøkelset som ikkje ville spøke, dramatikk for barn, bestillingsverk til Vossa-Jazz av Voss kommune, 1997. Innkjøpt av Fondet for Ny norsk Dramatikk. Alt er som det skal vere, roman, 1998, Samlaget Dette seier vi ikkje til nokon, (7 scenebilder), dramatikk for vaksne, basert på bildekunstnaren W. Kandinsky si diktsamling Klãnge. Bestillingsverk for X-ania Teater, Oslo 1998. Manusutviklingsstøtte frå Norsk Kulturråd. Å hekle ein laks, dikt, Samlaget, 2000. LITTERÆRE PRISAR Alfred Andersson-Rysst pris 1998. PRESSEKLIPP Om diktsamlinga "Å hekle ein laks" "Kavlis dikt er opplevelsesnære,billedsterke,spenstige og sprelske. Ann Kavli befester sin posisjon som en formsikker og raus poet" "Det er sjelden en sjelden en finner så mye liv og kraft som i denne diktsamlingen" Om romanen "Alt er som det skal vere" "Det ligg eit alvor under, som i all fascinerande leik, og Ann Kavli røyver ved store tema som kjærleiken, døden, skaparakta - og endeleg om eg-personens identitet. Ann Kavli er no i ferd med å skape eit heilt særeiga litterært univers med nyskapte bilete og djerve samankoplingar av ulike språklege nivå, som gjer henne til ei av dei viktige røystene i norsk 90-talslitteratur." Om diktsamlinga "Akvatinter" "Ann Kavlis poesi er ambisiøs. Det særegne og flotte med mange av diktene er at hun vandrer med bemerkelsesverdig letthet mellom stilleier, gravalvor og sprudlende utbrudd. Ta en tur på kunstomvisning og språktur med Ann Kavli!" "Kavli framstår som en lyriker som er bevisst sine virkemidler. Med Akvatinter bekrefter hun at hun er en "ny stemme" det er verd å lytte til." Om romanen "Delfinens smil" "En uvanlig og vakker roman, holdt i et uvanlig og vakkert språk, og Ann Kavli gjennomfører løpet uten å miste grepet. Flott gjort!" "Kavli beskriver sterkt og fortettet. Språket er godt, slik Kavli også tidligere har vist orginal og personlig språkbeherskelse." LITTERÆRE VERV / ANNA Medlem av Det Litterære Råd, 2001- Medansvarleg for FORFATTERNE KOMMER! MEDLEM AV: Den Norske Forfatterforening | OM ANN KAVLI: |
![]() |
||
![]() ![]() ![]() ![]() |