| Tilbake til startsida | "Å skrive om det som ... " |
|
(Del 2 av Erna Osland i samtale med Per Olav Kaldestad)Jaa ... joo. Men utgangspunktet for nett denne boka er litt spesielt i forhold til dei andre bøkene mine. Eg fekk ein invitasjon frå eit dansk forlag til å skrive ei bok. Og dermed tenkte eg: Kva skal eg skrive for danske barn? Då kom ideen med å hente stoff frå den siste tida Danmark og Noreg var i lag og liksom var venner. Og det er ei bok om vennskap, nærare bestemt om kva ein gjer når ein ikkje har ein venn. Eg bruker historia slik at det som er historisk verkeleg, står fram som fantasi - og omvendt. Dette er ein tekst om eit vennskap som berre finst inni hovudet på den som fortel. Slik sett prøver eg ut om det går an å leve utan å snakke med nokon, om du treng språk for å kunne eksistere. Boka framstiller ein gut som fortel om livet sitt og om ein venn som han diktar opp på grunnlag av kunnskap han har stole frå ymse kjelder. Men dette skulle eg jo ikkje snakke om, det er jo noko av løyndommane - eller spora - i teksten, som lesaren skal ha gleda av å oppdage undervegs ...Me kan ta det meir generelt. Du bruker ofte eg-forteljarar i bøkene dine, personar som skaper si historie. Du er òg openbert oppteken av forteljinga som sjanger, så valet av forteljartype må vera medvite. Kan du seia noko om dette?Dette er noko av det eg prøver ut når eg begynner med ein tekst. Eg prøver den i fyrste person, i tredje person, og eg prøver med allvitande forteljar - og ofte fell eg ned på eg-forteljaren. Det er kanskje fordi eg då kjem tettare innpå den som skal fortelje. Utan at forfattaren og forteljaren er den same. Eg føler at eg skriv svært lite om meg sjølv; det blir meir som ei rolle eg tar og speler ut. No seier jo somme barnelitteraturteoretikarar at eg-forteljaren er vanskeleg å forhalde seg til for eit barn, men slike synspunkt lar eg meg ikkje styre av: Eg vel eg-forteljaren når det kjennest rett reint litterært. Endå eg vil skrive for barn og vender meg til barn heilt medvite, så vil eg ikkje gi meg ende over og for einkvar pris gjere det lettare for barn å gå inn i tekstane mine. Eg trur at ein kan ta omsyn til den barnlege lesaren samstundes som ein ivaretar teksten sin integritet som litteratur.Tone Birkeland er det vel som har sagt at forholdet mellom kunst og pedagogikk er eit stadig omdreiingspunkt i debatten om barnelitteraturens særpreg. Kunst og pedagogikk. Ikkje berre pedagogikk, ikkje berre form - for kva hadde vi vist om barn om vi ikkje hadde hatt pedagogar? Ein treng ikkje slå pedagogen ut med vaskevatnet. Men det er klart, i barnelitteraturhistoria finst det ein del tekstar der det er didaktikk aleine som er blitt omdreiingspunktet - eller blindpunktet. Det er lett å sjå seg blind, det er det, å vilje så altfor mykje for lesaren. Somme hevdar jo at lesaren ikkje har noko i hovudet til forfattaren å gjere, eg veit det. Og når eg høyrer slikt, stikk eg hovudet i det kinesiske landskap. På norsk er det eitt ord for landskap, på kinesisk to heilt ulike omgrep: fjell og vatn - ikkje berre vatn, ikkje berre fjell, om det skal bli landskap. Det er denne balansen eg arbeider med. Men for å komme tilbake til forteljaren: Når ein nyttar eg-forteljar, kjem ein nærare talen. Og talen, daglegtalen, er tydelegare i barne- og ungdomsboka enn i bøker for vaksne. Kanskje det er dette som gjer at eg lett vel eg-forteljaren, eg vil imitere samtalen, den levande forteljinga, for lettare å nærme meg lesaren. Som samtalepartner tar du ansvar for at den du snakkar med skjønnar kva du seier, det ligg i situasjonen, du har omsorg for den du snakkar til. Men det ligg sjølvsagt ein fare i det. Skrift er ikkje tale. Å gjere det for enkelt kan utarme skrifta, og så sviktar du lesaren din, underkjenner han. La oss sjå på forteljarane i eit utval av bøkene dine. I Ellinor bruker du eg-forteljar, det er den meir anonyme og konforme søstera hennar som fortel. Ulvens skugge har to eg-forteljarar, ein norsk gut og ei kurdisk jente. Og i Salamanderryttaren er det guten Søren som fortel om den ustyrlege søstera som går under klengenamnet Bror Min. Alle desse bøkene tar opp viktige problemområde, og eg-forteljaren gjer at lesaren kjem nærare stoffet. Endeleg har me Kryssord, som dreiar seg om seksuelle overgrep mot barn, i dette tilfellet incest, der du bruker tredjepersonforteljar, rett nok med synsvinkelen lagt til hovudpersonen Rikka. Var det behovet for ein viss avstand til stoffet, av omsyn til lesaren, som gjorde at du ikkje valde fyrstepersonforteljar i dette tilfellet?Eg hugsar ikkje at eg tenkte på det, men det kan godt vere at eg tenkte slik. Eg famla meg vel fram, det er det som er det fine med skrivinga, famlinga, tilbakevendinga, dei stadig nye forsøka på å fange inn noko - og bli fange i noko - som ein ikkje veit heilt kva er før ein startar. I kvar bok er det famling - og strategi: ny famling og ny strategi for akkurat den teksten. Som eg sa, vel eg den forteljartypen som kjennest rett ut frå teksten, og då kan det vere mange vurderingar som er lagt til grunn. I Ulvens skugge vil eg vise korleis to ulike forteljarar ser same hendinga, korleis dei set den inn i sine respektive forteljingar. Den forteljaren eg vel, er ein stor del av boka. Ein fyrstepersonforteljar ser jo berre ein del av sanninga, han forstår ikkje alt, liksom eg sjølv heller ikkje forstår alt, og heller ikkje har det store oversynet før eg begynner å skrive. Når eg vel ein slik forteljar, skriv eg meg inn i noko frå ein bestemt synsvinkel, og eg forstår meir etter kvart - det er som ei reise inn i det ukjende. |
||
Les vidare!
| ||