Tilbake til startsida


Kvifor er det så mange munnar i bøkene dine?

Kvifor er det så mange munnar i bøkene dine?

Det er jo mykje fint ein kan gjere med munnar: Rope på ein venn. Fortelje noko morosamt. Unnskylde deg så du får bestevennen din igjen. Kviskre ein løyndom. Eller kva med eit kyss? Det må vere munnar i bøker, mange munnar, trur eg.

Du skriv om slikt som kan vere vanskeleg, slikt som vaksne ikkje snakkar om, trur du det er så vanskeleg å vere barn?

Det er fint - og vanskeleg - å vere barn. Men det som er vanskeleg, blir ikkje fullt så vondt når ein set ord på det. Å setje ord på ting er å prøve å forstå, og i bøker kan ein setje ord på alt, det morosame og det vanskelege. Den som les, kan seie, ja, slik er det! Og så kan ein lese om at det vonde går over, og at ein ikkje er aleine. Og det hjelper! Eg trur at bøker kan trøste. Eg trur at alle forteljingar eigentleg fortel at det gjeld å halde ut, så ordnar det seg, så blir det bra til slutt.

Kvifor vil du skrive?

Eg blir glad av å skrive.

Du skriv for barn, er du spesielt glad i barn?

Eg liker barn, dei som eg kjenner og synest er greie. Men eg liker ikkje barn betre enn vaksne. Eg vil heller seie at eg likte godt å vere barn.

Kvifor likte du så godt å vere barn, da?

Eg syntest det var interessant og morosamt. Det var så mykje å sjå og oppleve. Auga mine var så nye, og eg hadde evne til å oppdage og undre meg over det meste. Mest kvar dag hadde noko heilt nytt å by på! Når eg skriv, får eg på eit vis vere barn igjen.

Likte du å gå på skolen?

Ja. Eg likte meg på skolen fordi det var vaksne der som brydde seg om oss. Og så likte eg å lese, og på skolen kunne eg låne bøker. Eg likte å skrive også. Og det går det jo fint an å gjere på skolen. Dessutan likte eg å berre sitje tett saman med nokon og snakke om hemmelege ting. Og alt det passar skolen fint til.

Fleire spørsmål og svar