Tilbake til startsida


Samlaget, 2003
Munnen
Ein morgon sit det ei jente og ser på han. Ho sit på trappa framfor huset på den andre sida av gata.
   Ho smiler til han.
   Ho ser og smiler. Og straks han er gått forbi, byrjar ho å gå i same retning som han.

Heilt fram til skolen følgjer ho han. Gjennom same inngang. Opp same trapp. Ho stansar - merkar han - ved første dør til venstre.
   Nei, andre!
   Ved andre dør til venstre blir ho ståande og sjå etter han som skal litt lenger inn i gangen.

***


MUNNEN er henta frå novellesamlinga BERRE DU SOM VEIT. Samlinga har 10 noveller, og alle handlar om å gå til eller frå skolen.

Les novella (PDF)