Tilbake til startsida


Å ta seg sjølv på fanget - del 2
Å sitje og høyre og sjå var alt vi to hadde å gjere, å sortere for å forstå. Men det er gjerning god nok, det er eit mål i seg sjølv, det veit den som skriv. Kvar skriveøkt er ei øving i å sanse: å sjå og høyre det ein vil fortelje om. Helst må det gjerast som om alt er nytt, utan den automatiseringa det vaksne livet har gitt ein. Derfor prøver eg å minnast korleis det var å sitje med Besta, prøver å minnast korleis barneøyre høyrer og barneauge ser. For det er det eg organiserer og ordnar når eg skriv, ja, og vurderer i høve til kva eg vil lesaren min skal finne. Eller ense, slik Besta ville ha sagt det. Så eg tek meg sjølv på fanget. Eg legg mi store hand om den vesle og leitar fram ein rytme. Helst bør rytmen veksle mellom det forunderlege og det forståelege, så ein kan skubbe litt på kognitive grenser. Det er når eg lykkast med det, eg klarer å by lesaren min ein tekst som det er meining med.

Mitt vaksne medvit og barnets auge og øyre - det er her skrivinga mi byrjar og sluttar. I over ti år har det vore slik, ei heil rekkje bøker har eg skrive. Kva er det så ved det naive som eg aldri blir ferdig med? Forklaringa kan ligge i eit vinterminne, og det er slik: Vi har ikkje snø, det er lett å springe ut og inn av huset og leike med både katten og nabojentene. Likevel er eg inne, eg sit på gyngehesten med ytterklede på. Hesten er brun og glatt og han gjer det eg vil: gyngar fort, gyngar sakte. Dei andre - systrene mine, mor og far og Besta gjer som dei vil, og nett no vil dei bere ut alt dei ser: stolar og bord, koppar og fat, mat og klede. Dei tømmer huset, til slutt er det berre gyngehesten og eg att. Straks eg oppdagar det, kjem eg meg på beina. Eg prøver å dra hesten etter dei andre, men det hjelper ikkje, han vil ikkje lyde. Han vil ikkje rikke seg, og eg blir redd. No blir alt og alle borte, tenkjer eg, hesten og eg blir aleine i det tomme huset! Då kjem mor. Først løfter ho hesten opp på flyttelasset, og deretter meg, ho løfter oss med sterke, snille hender.

Den dag i dag fører denne scena meg inn på det som er viktig for meg: å bli hugsa og halden av. Den dag i dag kan eg sjå tilbake på dette og vite at i mitt vaksne liv er det framleis dette eg strevar etter: at nokon skal ta meg inntil seg, halde meg og seie at visst skal dei vente på meg. Og derfor gjer eg minna frå barndommen, eller minna om kjenslene mine frå den tid, til stadige undersøkingar. Andre reiser frå sin barndoms dal og kjem aldri att, eg veit det. Men den strategien er ikkje min, min er annleis. Eg vil halde på den første biten av livet mitt. Ikkje fordi det er så avgjerande å forstå meg sjølv som barn, tvert om, eg gjer det for å forstå den eg er nett no, for eg tenkjer at det eg framleis hugsar etter så lang tid, må vere viktig for meg. Best ser eg det når eg skriv. Når eg fortel, finn eg ein kontinuitet, ein nødvendig heilskap. Som vinter - kan ein vel seie om ein skal slite laus og nemne ein bit eller to av eit år - for vår.


Tilbake til startsida