Tilbake til startsida


Sogn
er landet kring Sognefjorden, fjorden som går frå havet til Jotunheimen. 206 kilometer er det offisielle målet på fjorden, men strandlinja er lengre. For utifrå hovudfjorden går der nye fjordar, Lifjorden, Bøfjorden, Risnesfjorden, Fjærlandsfjorden, Sogndalsfjorden, Lustrafjorden, Lærdalsfjorden og Årdalsfjorden, som igjen har sine utgreiningar, Espefjorden, Vetlefjorden, Sværefjorden, Gaupnefjorden, Indrefjorden og Nærøyfjorden. Og i alle desse fjordane, i stupbratte lier, i botnar og viker, ligg der heimar - lappar av levande land. Alle kan ikkje nemnast her, eg må gjere eit utval. Men for ei som skriv for barn og har den overtydinga at det som ikkje har hendt deg før du er tolv, det er det ikkje verdt å skrive om, blir valet lett. Eg vel min barndoms bit av fjorden: landet mellom dei fire ytterpunkta Lavik, Måren, Ortnevik og Ikjefjord - nordsida og sørsida av den delen av Sognefjorden som går gjennom Høyanger kommune.

Det var to måtar å krysse fjorden på, med mjølkeruta eller med familiens skøyte. Om far ikkje hadde fri, måtte vi ty til den første. "Solrenningen" gjekk frå Høyanger om ettermiddagen og kom til endepunktet, der vi skulle av, langt utpå kvelden. Ikkje rart at denne sida av fjorden vart kalla Vetleamerika. Lang reise var det for alt som skulle frå nord til sør, tomme mjølkespann, retursmør, hønsefôr, brødkassar og jentungar som ville på ferie.

Om far hadde friskift, fekk vi reise med "Rappen", og det tok langt mindre tid. Utan stogg kryssa vi Sognefjorden. Kursen vart først sett mot fyret ved Engelsbøen, etter det mot Fuglen. Vi styrte mot Eidesberget og Kroppa, så bar det forbi Vamråk, Søreide og Bjordal. Kor lang denne strekninga var? 156 maneter, 78 geiter og sju hegrar kunne det vere før vi la til kai på Osland. Vi ungane brukte nemleg å liggje i baugen og stire ned i djupet, nesten tretten hundre meter var det der vi kryssa storfjorden. Eller vi låg og glana oppetter berg og hamrar etter måsereir, hegrar som brått tok til vengene, og geiter som klora seg fram på den evige leitinga etter mat.

Men alle dagar var ikkje slik, ofte måtte vi klemme oss saman i det vesle styrehuset medan båten dunka mot straum og vind. Sjølv sommarkveldar, og helst då, kunne veldige vassmengder komme strøymande frå det ytste av fjorden. Dei fekk stor fart over dei grunne Rutletangane, jaga forbi Takle og Massneset og kom inn mot båten. Med haustvind og regn vart det ikkje betre. Båten stanga mot vestavinden, og kanskje verst av alt, vinden frå aust, frå sjølvaste Fanaråken og Skagastølstindane. Men som regel var det i godvêr vi la ut, mor og far passa det til slik når dei tok oss over fjorden.

Fuglsetfjorden, det var dit vi skulle. Lengst inne i den låg sommarlandet: bringebær-, jordbær- og blåbærlandet, eple-, pære- og plommelandet. Der hoppa vi i høyet, bada og fråtsa i alt som godt var, morellane først, gule og raude, gode alt om sommaren. Og når den var på hell, vart der nye frukter, nye smakar. Til slutt kom det som skulle sparast til vinterbruk: store franske, keisarinner og gravestein.

Bæra var dei første, og kanskje dei seigaste, å få i hus. Verst var det når det regna, så det var godt at mor hadde råd. Ho saga av greiner og bar dei inn på låvebrua. Så sat vi der, tørre og ikkje så verst blide, og plukka. Etter bæra kom plommene, engelske svisker, søte, men med ein smak av vemod, for dei varsla at no var sommaren over. Og likevel var det moro å hente dei, for igjen hadde mor sine triks. Ho samla det vi hadde av sengeklede - teppe, laken og dynetrekk - og la alt innunder trea. Så klatra vi ungane opp og byrja riste. Plommene dala, dei hagla ned, det regna plommer. Det var plommer overalt, og vi fylte i magar, i kassar og kjelar, i bytter og spann. Til slutt tok vi epla. Vi klatra opp i den krokute apalen med store franske, så store at vi måtte komme ned med eitt og eitt. Då gjekk det fort å få i ein kasse! Så når far kom med Rappen i friskiftet sitt, kunne vi fylle lasterom og dekk. Det stod tett i tett, det som skulle bli syltetøy, gele, supper, saft og vin. <> Om livet i sommarlandet berre var arbeid? Å nei, ei passe blanding vart det av alvor og leik, godt organisert av sommarmødrene våre, for det var ikkje alltid mor var med. Besta, mor til far, var den første sommarmora mi. Ho kom frå Koldingnes, lenger inne i Sognefjorden, gifta seg og fekk sju barn i byrjinga av førre hundreåret. Bruket ho kom til, var lite, opphavleg ein husmannsplass som svigerforeldra hennar hadde skilt ut frå sin eigen gard, ei ikkje ukjend jordfordeling her vest. Jord hadde dei altså, besteforeldra mine, men så lite at det knapt var til å leve av. Så alle barna, så snart dei vart vaksne, reiste frå fjorden og fann seg nye levemåtar. Berre om sommaren kom dei tilbake, som oss. Og far kom oftast, for vi var nærast, det var vanskelegare å komme frå Oslo eller heilt frå Amerika. Det verkelege Amerika, dit hadde onkel Johannes fare, han som så mange andre sogningar. Berre éin gong var han heime. Han snakka nok om å komme tilbake, fortalde far, men det vart ikkje, Johannes var så redd for armoda i gamlelandet. Jamvel på den tid folk flest greidde seg bra, kvidde han seg for ei heimreise. Minna frå barndommen var for sterke, og Johannes hugsa nok rett, familien til far streva hardt med å halde svolten og andre teikn på fattigdom borte. At det lukkast, skuldast sjøen like mykje som jorda. At dei kunne fiske - brukte far alltid å seie - slik som fiskarbøndene lenger ute i fjorden, vart redninga. Nei, hadde dei ikkje hatt fisk, hadde det vorte sveltihel. Ei nifs historie, syntest eg, at svolten skulle vere så nær.


Les meir om Sogn