Å lansere eit kunsttidsskrift i eit så beskjedent miljø som vårt, der nesten alle litterære og kunsteriske forsøk feilar på grunn av mangel på publikum, er i seg sjølv verdig respekt, for det trengst mot til slikt.

Fernando Pessoa, ein original og interessant kunstnar som raskt har skilt seg ut i mengda av forfattarar i sin generasjon, lanserte nettopp i lag med Ruy Vaz, ein annan kunstnar å merke seg, eit nytt kunsttidsskrift. Vi ville gjerne høyre han snakke om det interessante initiativet:

- Kvar kjem Athena frå?

- Frå ønskjet om å gi det portugisiske pub-likumet, så langt mogleg eit reint kunsttidsskrift, som vil seie, ikkje opportunistisk nybyrjaraktig som Orpheu, og heller ikkje nesten berre dekorativt, som det beundringsverdige Contemporâna.

- Men kva består eit ”reint” kunsttidsskrift av?

- Det finst tre publikum - eit som ser, eit som les, og eit som ikkje finst. Det første består av dei fleste, det andre av dei færraste, det tredje av individ. Det første vil sjå, det andre vil kjenne, det tredje vil forstå. Eit ”reint” kunsttidsskrift er laga for publikumet som vil ”forstå” kunsten, og på same tid for at dei publikuma som ikkje forstår den skal forstå; det første publikumet forstår at det finst noko der å forstå; det andre publikumet forstår at den kan bli forstått, når det ser at det finst nokon som forstår.

- Og korleis skjer dette?

- Det skjer. Det første prinsippet vi utelukka, var homogenitetsprinsippet (som skule eller straum); slik understrekar ein at kunsten er essensielt mangeforma, som er ein av dei første tinga som må bli forstått av folk som alt veit det. I dei første utgåvene av Athena kan ein sjå reproduksjonar av verka til ein klassikar, til ein romantikar, til ein samtidskunstnar. Også i den litterære delen søkjer vi mangfaldet, som de vil sjå. Sidan...

- Sidan?

- Sidan vart fragmentasjonsprinsippet (ek--sempel og restar) utelukka: arbeid som berre er estetisk forståelege som heilskap blir ikkje publiserte som fragment - altså uforståelege - heller ikkje få tekstar av ein forfattar som det trengst mange tekstar av for å forstå. Det er i henhald til dette kriteriet at den første utgåva publiserer ikkje mindre enn tolv reproduksjonar av bileta til Visconde de Menezes, og ikkje mindre enn den første boka, i si heilheit, Oder, av Ricardo Reis. Til slutt...

- Til slutt?

- Utelukka vi prinsippet om aldri nokon gong å kome med noko nytt. Viss det estetiske nivået er likt, foretrekk vi den ukjende forfattaren framfor den kjende, den obskure framfor den som har blitt påført publisitet, og blant dei kjende forfattarane, dei nye framfor dei gamle aspekta av arbeida deira. [...]

- Det klarje skiljet mellom den litterære og kunstneriske delen, har de ein spesiell tanke med det?

- Vi har ein spesiell tanke med det, som er ein generell tanke. Tidsskrift laga for å bli lest har enten ingen grafikk, eller grafikk for å illustrere teksten. Dei som er laga for å bli ”sett” har gjerne tekstar som er framande for grafikken, og nedkorta, fordi dei ikkje er laga for å bli lest. Tidsskrift laga for å bli forstått separerer elementa rigid, difor også separasjonen av tekst og bilete. Slik gjer vi det i Athena: det er fordi det er eit tidsskrift å forstå, altså eit tidsskrift som er, og ikkje eit som ikkje er. For å forstå må ein skilje temaene, på same måten som ein må kunne skilje fiende frå ven for å kunne sigre.

- Så dette er altså eit orienterande tidsskrift?

- Meir: det er eit orientert tidsskrift. Og, viss du vil eg skal seie det på ein annan måte, kan vi seie det på same måten: det er eit tidsskrift ikkje berre med redaksjon, men også med retning.

- Godt. Og kva tenkjer du om framtida til Athena?

- Eg vart ikkje konsultert ved skapinga av universet sitt system: det er ikkje naturleg at eg skulle bli konsultert for den vesle delen av det som er framtida til dette tidsskriftet heller. Ruy Vaz og eg lagar det fordi det ”fortener” det; resten er opp til Skjebnen.

 

 

 

Diario de Lisboa, 3. november 1924

Omsett av Øystein Vidnes