[Dette er ei delvis og foreløpig omsetjing av diktet "Maritim ode" som Fernando Pessoas heteronym Álvaro de Campos trykte i tidsskriftet Orpheu 1915. Der det manglar tekst i høve til originalen er det markert med [...]. Utvalet av tekstbitar er gjort på ei opplesing eg heldt på ein sleppefest for Syn og Segn i 2003. Utvalet omfattar om lag halve diktet. -ø-]
 

Åleine, denne sommarmorgonen på ei tom kai,
Ser eg mot enden av hamna, ser eg mot det uendelege,
Og oppdagar gledeleg nok
Ein liten dampbåt på veg inn, svart og tydeleg.
Han kjem langt utanfrå, klart, klassisk på sin måte.
I den fjerne lufta let han etter seg si nyttelause stripe av røyk.
Her, der, vaknar det maritime livet
Det blir heist segl, det kjem taubåtar inn,
Småbåtar følgjer dei store skipa i hamna.

Det er ein svak bris.
Men sjela mi er med det eg ser minst av,
Med skipet som kjem inn,

Fordi han er hos Avstanden, hos Morgonen
Med denne timen si maritime tyding,
Med den søte smerten som reiser seg i meg som kvalme,
Som byrjinga på ei lyst til å spy, åndeleg talt,
Eg ser dampskipet langt vekke, som ei stor sjeleleg sjølvstende,
Og inne i meg byrjar eit ror å snu, roleg.

Lastebåtane som kjem inn i hamna om morgonen er
Så vidt eg kan sjå, lasta med
Det glade og triste mysteriet om kven som kjem og kven som reiser,
Lasta med minner om fjerne moloar og andre tider
Med den same menneskeheita si ulike framferd i ulike hamner,
All fortøying og losskasting av skip
er ­ eg kjenner det slik eg kjenner blodet mitt ­
Ubevisst symbolsk og frykteleg
Truande i sine metafysiske implikasjonar
Som forstyrrar den personen eg var.

Å, heile kaia er ein lengsel av stein!
Og når skipet forlet kaia
Når ein ser gapet som opnar seg
Mellom kaia og skipet,
Kjem det, utan at eg forstår kvifor, ein plutseleg angst,
Ei skodde av triste kjensler,
Som skin i angsten sitt solglinsande gras,
Som det første vindauget soloppgangen bankar på,
Og pakkar meg inn, som minnet om ein annan person,
Som på ein mystisk måte kanskje var eg.

Å, kven veit, kven veit
Om eg ikkje ein gong reiste, før meg sjølv,
Frå ei kai; om eg ikkje forlet med skip
I halvmørk soloppgang,
Ei annan slags hamn?
Kven veit om eg ikkje drog, før tida som tilhøyrer
Den ytre verda eg ser,
Som viser seg for meg,
Ei stor kai full av nesten ingen personar,
Frå ein stor halvvaken by,
Ein stor, apoplektisk handelsby,
Om ikkje alt dette utanfor Rom og Tid?

Ja, frå ei kai, frå ei i ein viss forstand ganske materiell kai,
Reell, synleg som kai, verkeleg kai,
Den Absolutte Kai som vi ubevisst imiterer,
Som vi ufølsomt vekkjer,
Når vi konstruerer
Kaier i hamner,
Kaier av reell stein over autentisk vatn,
Som med ein gong plutseleg blir kalla
Verkelege Ting, Åndeting, Deler av Steinesjelen,
På visse tidspunkt, ved rota av kjensler,
Som når det i den ytre verda opnar seg ei dør
Og alt, utan at noko endrar seg
Viser seg annleis.

Å, den Store Kaia vi forlet i Nasjonalskip!
Den Store Gamle Kaia, evig og hellig
Frå kva hamn? Til kva vatn? Og kvifor tenkjer eg dette?
Ei stor Kai som andre kaier, men likevel den Einaste.
Full som dei andre av rungande stille tidleg om morgonen,
Bryt, som dei, ut i eit bråk av heiser og vinsjar,
Med tilkomst av godstog,
Under skya av den svarte og tilfeldige
Røyken frå pipene til fabrikkane i nærleiken
Som kastar skugge over det svarte golvet med små kolbitar som blinkar,
Som om han var skuggen til ei sky som passerte over mørkt vatn.

Å, for ein essens av mysterie og avmakt
Framvist i hellig ekstase
I timar med stille- og angstfarge.
Det finst ikkje bru mellom kva som helst slags kai og Kaia.

[...]

Sommarmorgonen er framleis litt kjølig
Ein nattleg døs heng enno igjen i den vibrerande lufta
Det indre roret mitt akselrerer stilt.
Lastebåten kjem innover, utan tvil fordi han skal kome innover
Og ikkje fordi eg skal sjå han skal røre seg på umåteleg stor avstand

I fantasien min er han allereie nær og synleg
Med heile rekka av skipsglas,
Og eg ristar over heile meg, [...]
På grunn av den skapningen som aldri kjem med noko skip
Og som eg ventar på i dag på kaia, av uklare årsaker.

[...]

Og skipa sett på nært hald, sjølv om ein ikkje skal segle med dei,
Sett nedanfrå, frå robåtar, høge stålplatemurar,
Sett innanfrå, gjennom kahyttene, gjennom salongane, gjennom lasteromma,
Ein ser på nært hald mastene som peikar opp i det høge,
Medan ein skraper seg opp på tauverk, kravlar ned vanskelege trapper,
Og pustar inn denne fettete blandinga av metall og sjø som heng ved alt dette

[..]

Heile det maritime livet! Alt i det maritime livet!
Den diskré forførelsen piplar inn i blodet mitt
Og eg drøymer ubestemmeleg om reiser.

[...]

Kjølar, master og segl, rorblad, tauverk,
Dampskipsskorsteinar, propellar, toppsegl, vimplar,
Rorpinnar, luker, kjegler, samlarar, ventilar,
Veltar rundt i meg, hulter til bulter
Som det rotete innhaldet i ei skuffe tømt ut på golvet!

[...]

Gi meg metaforar, bilete, litteratur,
For når sant skal seiast, alvorleg, bokstavleg talt,
Er kjenslelivet mitt ein båt med kjølen i veret,
Er fantasien min eit anker halvvegs nedseinka,
Er lengselen min ein brekt åre,
Og nervene mine er eit garn hengt til tørk på stranda!

Eitt tilfeldig tut på elva, berre eitt.
Og heile det psykiske systemet mitt ristar i sine grunnvollar.
Det akselrerer meir og meir, det indre roret mitt.

Å, båtane, reisene, uvitenheita om kvar den og den sjømannen, vår ven, er no!
Å, så herleg å vite at vi ein gong var i lag med ein
Som no er drukna utanfor ei stillehavsøy!
Vi som var i lag med han vil no fortelje om det til alle
Med ei legitim sjølvkjensle, med ei skjult tiltru til
At alt dette kan ha ei flottare og større meining
Enn berre å miste skipet sitt ein stad
Og søkke til botnen fordi lungene vart fylte med vatn!

[...]

Og eg, som elskar den moderne sivilisasjonen, og som kysser maskinene med sjelen
Eg, ingeniøren, eg, den siviliserte, eg, den utdanna i utlandet
Skulle så gjerne igjen berre sjå seglskip og trebåtar framfor meg
Og ikkje kjenne til anna enn det gamle livet til sjøs!
Fordi dei gamle hava er den Absolutte Avstand
Reint fråver, fridd frå notida si vekt...

[...]

Det tek meir og meir overhand, dette deliriumet overfor det maritime,
Kaia og kaia og atmosfæren her penetrerer meg reint fysisk
Tidevatnet på Tejo oversvømmer sansane mine
Og eg byrjar å drøyme, byrjar å vikle meg inn i draumar om vatn

[...]

Vatna kallar på meg
Hava kallar på meg
Avstandane kallar på meg med ei kroppsleg stemme
Alle tidlegare maritime epokar kallar på meg.

Du, engelske sjømann, Jim Barns, det var du
Som lærte meg dette urgamle engelske ropet,
Som framkallar så grusomt
For så komplekse sjeler som meg
Den forvirra kallinga frå vatnet
Den ukjende, implisitte stemma i alt maritimt
I forlisa, dei endelause reisene, dei farlege kryssingane,
Dette engelske ropet ditt, i mitt blod gjort universelt,
Utan kjenneteikna til eit rop, utan menneskleg form eller stemme,
Dette rungande ropet, som verkar som om det kjem
Inne frå ei grotte med himmelen som tak
Og verkar å romme alt det ondskapsfulle
Som kan skje i det Fjerne, til Sjøs, om Natta
(Du let alltid som om du ropte til ein skonnert
Medan du sette ei hand på kvar side av munnen
Og laga ein høgtalar av mørke, grove nevar:

Oho o-o-o-o-o-o-o-o-o-o——iiii...
Skip oho-o-o-o-o-o-o o-o-o-o-o-o——iiii....)

[...]

Hei, sjømenn, toppgastar! hei, mannskap, losar!
Styrmenn, sjøfararar, seglararar, eventyrarar!
Hei kapteinar på skip! menn ved ror og i master!
Menn som søv i harde køyer!
Menn som søv med Faren lurande utanfor skipsglaset!
Menn som søv med Døden som hovudpute!
Menn som har akterdekk og kommandobruer der dei kan stå og sjå ut på
Det enorme havet si enorme enormheit!
Hei, lastekranførarar!
Hei, seglheisarar, fyrbøtarar, stewardar,
Menn som fyller opp lasteromma!
Menn som rullar repa saman på dekket!
Menn som vaskar lukene
Rormenn! maskinistar! matrosar!
He-he-he-he-he-he-he!
Folk med stråhattar! Folk i undertrøyer!
Folk med anker og kryssa faner tatoverte på brystet!
Folk med piper! Folk ved rellingen!
Folk heilt mørke av sol, utmagra av regn
Tome i augene av å ha så mykje uendelegheit bak seg,
Verbitte av alle stormane som har herja dei vilt!
[...]
De, menn som har sett Patagonia!
De, menn som har segla rundt Australia!
[...]
He-he-he-he-he-he-he!
Menn som har reist minnesteinar, som har navngitt klipper!
Menn som for første gong har handla med svarte!
Som som dei første har selt slavar frå nye land!
Som har gitt skrekkslagne negerkvinner sine første europeiske spasmer!

[...]

Eg vil vere med dykk, eg vil vere med dykk
Samtidig med dykk alle saman
Uansett kvar de skal
Eg vil møte dei same farane som de, ansikt til ansikt,
Flykte med dykk frå sivilisasjonen!
Miste saman med dykk sansen for moral!
Kjenne mennesklegheita mi forsvinne i det fjerne!

[...]

Ja, ja, ja... korsfest meg til sjøs ein plass
Så skulderblada mine kan gni seg nytande mot korset!
Bind meg til reisene som til pålar
Så kjensla av pålar trengjer seg opp gjennom ryggraden
og eg merkar dei som ei overveldande, passiv utløysing!

(Gjer kva de vil med meg, berre det skjer til sjøs,
På skipsdekk, til lyden av bølgjer
Skal de flense, myrde og smadre meg!
Det eg vil er å møte Døden
Med ei sjel høggravid av Hav,
Ør av lyst til å bli slukt av alle slags maritime saker
Som til dømes tidevatn, anker, klipper og svaberg,
Og så vel fjerne kystar som brølande stormar
Så vel Avstanden som Kaia, så vel forlis
Som fredeleg lastfart
Og master og bølgjer
Møte døden med ein kropp som vrir seg i smerte
Full av igler som syg og syg
Desse merkelege, absurde, grøne haviglene!)

Gjer blodårane mine til vant!
Fortøy skipet med musklane mine!
Flå huda av meg og heng meg på kjølane.
La meg kjenne smerten frå spikrane og aldri slutte å kjenne!
Skjer opp hjertet mitt og bruk det som admiralflagg,
Når tida er inne for eit godt gammaldags sjøslag!

[...]

Brutaliteten, villskapen går i blodet på denne kvinnekroppen
Som ein gong har vore min og som framleis dampar av brunst!

Eg skulle gjerne ha vore eit dyr med dei same rørslene som dykk
Eit dyr som sette tennene i lønningar, i kjølar
Som åt master, drakk blod og tjære frå dekka,
Tygde segl, årar, tauverk, trinser,
Ein monstrøs havslange av hokjønn som åt seg feit på ugjerningar!

Å, å vere alt i alle brotsverk! å vere alle komponentar og element
av alle overfall på båtar og mord og valdshandlingar!
Å vere alt som hende der plyndringa fann stad!
Å vere summen av alt sjørøveri i høgaste potens,
Og syntesen, men i kjøt og blod, av alle offer for alle piratar i verda!

Å vere, med min passive kropp, kvinna-blant-alle-kvinner,
Som vart valdteken, drept, såra og skoren opp av piratane!
Å vere den underkasta kvinna som tilhøyrde alle
Og kjenne alt dette ­ alle desse tinga på ein gong ­ opp gjennom ryggraden!

[...]

Det oppskorne kjøtet, dei utrevne innvollane og det rennande blodet!
No, ved det nøyaktige høgdepunktet i draumen min om gjerningane dykkar,
Mistar eg heilt meg sjølv, eg er ikkje lenger dykkar, eg er dykk,

[..]

Å vere på innsida av brutaliteten medan de praktiserer den!
Å suge til seg medvitet om kjenslene dykkar innanfrå,
Når de har skitna til dei opne hava med blod,
Når de av og til har kasta til haiane
Dei såra sine enno levande kroppar, barna sine lyseraude kroppar,
Og slept mødrene til rellingen, så dei kunne sjå kva som skjedde med dei!

[...]

Å eg veit ikkje kva, veit ikkje kor mykje eg ville vere dykk!
Ikkje berre vere kvinna, vere kvinnene, vere ofra,
Vere ofra for dykk ­ menn, kvinner, barn, skip ­,
Ikkje berre vere timen og båtane og bølgjene,
Ikkje berre vere sjelane, kroppane, galskapen, eigedommen,
Ikkje berre vere konkret den abstrakte orgiastiske dåden dykkar,
Ikkje berre vere det eg skulle ønske eg var, ­ men vere meir enn det, vere Guden for dette!
Eg ville måtte vere Gud, Guden til ein kultus for det motsette,
Ein monstrøs og satanistisk Gud, ein Gud for blodets panteisme,

[...]

Alltid herleg å spele den undertrykte
I dei blode hendingane og dei overveldeldande utskeiingane!
Fall ned på meg, som store tunge murar,
Barbarar frå det gamle havet!
Flå meg og sår meg!
Teikn blodige strekar frå aust til vest
På kroppen min!

[...]

Gjer meg til noko som ser ut som om det har blitt
Drege ­ å glede, å du kyssa smerte ­
Drege etter hestar som de har piska av garde....
Men alt dette til sjøs, til sjøs, til SJØ-Ø-Ø-ØS!
He-he-he-he-he! He-he-he-he-he-he-he! HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE! Til SJØ-Ø-Ø-Ø-ØS

Jeh-he-he-he he! Jeh-he-he-he-he! Jeh-he-he-he-he-he he!
Alt ropar! Alt gir seg til å rope! vindar, bølgjer, båtar,
Hav, vimplar, piratar, sjela mi, blodet, og lufta, og lufta!
He-he-he-he! Jeh-he-he-he! Jeh-he-he he-he! Syngande rop overalt!

FIFTEEN MEN ON THE DEAD MAN'S CHEST.
YO-HO-HO AND A BOTTLE OF RUM!

He-he-he-he he-he-he! He-he-he-he-he-he-he! He he-he he-he-he-he!
He-laho-laho-lahHO-O-O-oo-laha-a-a---aaa!

OHO-O-O-O-O O-O-O-O O O——iii!...
SKIP OHO-O-O-O-O-O-O O-O-O-O-O-O——iiii!...

Darby M'Graw-aw-aw-aw-aw-aw!
DARBY M'GRAW-AW AW-AW-AW-AW-AW!
FETCH A-A-AFT THE RU-U-U-U-U-UM, DARBY!

He-he-he-he-he-he-he-he-he-he he-he-he!
HE-HE HE-HE-HE HE-HE HE-HE HE-HE-HE!
HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE HE HE-HE!
HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE-EFI-HE-HE-HE-HE!

HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE-HE!

Noko går i stykker i meg. Det raude har blitt mørkare.
Eg har følt for mykje til å kunne fortsette å føle.
Sjelen min er brukt opp, det er berre eit ekko igjen av meg.
Roret slakkar farten merkbart ned.

[...]

Månen stig i horisonten
Og min lukkelege barndom stig fram, som ei tåre i mitt indre
Fortida mi vaknar, som om dette ropet over hava
Var ei lukt, ei stemme, ekkoet av ein sang,
Som kunne framkalle frå fortida
Denne lukka som eg aldri meir skal kjenne.

Det var i det gamle fredfylte huset ved elva...
(Vindauga i rommet mitt, og i tillegg dei på kjøkkenet,
Hadde, over nokre lave hus, utsikt over den nære elva,
Mot Tejo, den same Tejo, men ein annan stad, lenger nede...
Viss eg gjekk bort til dei same vindauga ville eg ikkje gå bort til dei same vindauga.
Den tida er forsvunnen som røyken frå ein dampar på opent hav...)

[...]

Å, tapte barndom, ei dokke som dei har knust!

[...]

Eg påkallar med vilje, for å sleppe denne kjensla,
Påkallar desperat, i eit forgjeves, ørkeslaust forsøk
Den Store Piraten sin sang, i det han var i ferd med å døy

Fifteen men on the Dead Man's Chest
Yo-ho-ho and a bottle of rum!

Men songen er berre eit utviska spor som går tvers gjennom meg...
Eg prøvar og lukkast endå ein gong, for min sjel sine auger,
Endå eing gong, men ved hjelp av ein nesten litterær fantasi,
Å framkalle piratane og myrderiet sitt raseri, den nesten fintfølande smaken for plyndring

Eg hugsar kor interessant det ville vere
Å henge sønane framfor augene til mødrene deira
(Men kjenner meg ufrivillig som mødrene deira)
Å gravlegge fire år gamle barn levande på øde øyar
Og ro foreldra inn dit så dei kan sjå det
(Men stivnar ved tanken på ein son eg ikkje har, og som ligg og søv roleg der heime).

Eg har ei kald lengt etter udåd på havet,
Ein inkvisisjon utan Trua som påskot,
Brotsverk utan det minste motiv, av vondskap og galskap
Gjort med kaldt blod, ikkje for å såre, heller ikkje for å gjere vondt,
Ikkje ein gong for å underhalde, men utelukkande for å fordrive tida,
Som ein som legg kabal ved eit middagsbord ein stad i provinsen,
med duken skubba til sides etter å ha ete,
Berre av ei mild lyst til å gjere seg skuldig i forferdelege brotsverk
og ikkje sjå på det som ei stor sak,

[...]

Men fantasien nektar å følgje meg.
Det går kaldt nedover ryggen på meg.
Og plutseleg, meir plutseleg enn før, lenger vekke, djupare nedanfrå
[...]
Hugsar eg [...]
Den gamle stemma til den engelske sjømannen Jim Barns som eg brukte å snakke med,
No forandra til mildheita si mystiske indre stemme, dei små ting si stemme,
Den stemma som handlar om mor sitt fang og søster sitt hårband,
Men kolossal, frå andre sida av tinga sin framtoning,
Den døve og fjerne Stemma, som har blitt Den Absolutte Stemma, Stemma Utan Munn,
Som kjem frå overflata og innsida av den nattlege einsemda på havet,
Kallar på meg, kallar på meg, kallar på meg...

[...]

Frå inga side i rommet, frå ingen stadar i tida,
Det evige og nattlege ropet, det djupe og forvirra sukket:

Oho-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o--iii...
Oho-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-iii...
Skip oh-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-o-oo— — —iiÉÉ.

Eg ristar av ein sjelskulde som ilar gjennom kroppen,
Og eg opnar plutseleg augene som eg ikkje hadde lukka.
Å, for ei glede det er ein gong for alle å tre ut av draumane!
Her er ho igjen, den verkelege verda, så god for nervane!
Hallo, du morgonstund då dei tidlege rutebåtane kjem inn.

Makelause, moderne, maritime liv,
Alt er reinheit, maskiner og helse!
Alt er så godt tilrettelagt, så spontant justert,
Alle maskindelar, alle skip på sjøen,
Alle fasettar av handelslivet, alt vedrørande eksport og import,
Så makelaust kombinert,
At alt går for seg som om det var styrt av naturolver,
Alt held følgje med alt anna!

[...]

Kjenskap til shipping er teikn på personlegdom,
Kapteinens underskrift er så flott og moderne!
Brev med handelsmessig korrekte innleiingar og avslutningar:
Dear Sirs - Messieurs - Amigos e Srs.,
Yours faithfully - ...nos salutations empressées...
[...] Fakturaene er utferdiga av folk
Som er forelska, hatar nokon, er politisk aktive og i visse tilfeller kriminelle ­
Og dei er så velskrevne, så regelrette, så uavhengige av alt det!
Det finst dei som kan sjå på ein faktura og ikkje føle noko som helst.

 

[...]

 

Eg tek avskjed med denne stunda i form av eit anna skip
Som er i ferd med å stemne ut. Det er ein engelsk tramp-steamer,
Veldig skiten, som eit fransk fartøy,
Det verkar sympatisk, som ein sjøens proletar,

[...]

Den gjer si plikt. Lat oss gjere det same. Ha eit godt liv!
God reise! God reise!
God reise, du min stakkars, tilfeldige venn, som har gjort meg den tenasta
Å ta med deg feberen og fortvilelsen,
[...] Av stad... Vekk...
Med ei stille skjelving
(T-t—t—t——t——t...)
Stansar roret mitt.

[...]

Reis, forlat meg, bli
Først eit skip midt på elva, sjølvstendig og klart
Deretter skipet ute på sjøen, lite og svart,
Dernest eit utydeleg punkt i horisonten (å min angst!)
Eit meir og meir utydeleg punkt i horisonten...
Så ingenting, berre eg og mismotet mitt,
Og den store byen, no full av sol
Og denne stunda, verkeleg og naken som ei kai helt utan skip,
Og krana, som svingar langsamt rundt i lufta som ein passar,
Som teiknar ein halvsirkel av Gud veit kva slags natur
I den rørande stilla, som herskar i sjelen...

 

Omsett av Øystein Vidnes

 

[ skrift.no/vidnes - oystein.vidnes@skrift.no ]