|
Frå artikkelen Miljø, trykt i tidsskriftet Presença nr 5, 4. juni 1927:
[...]
Å leve er å tilhøyre ein annan. Å døy er å tilhøyre ein annan. Men å leve er å tilhøyre ein annan utanfor, og å døy er å tilhøyre ein annan innanfor. Dei to tinga er det same, men livet er det som er utanfor døden. Difor er livet livet og døden døden, og det som er utanfor er alltid sannare enn det som er innanfor, for utsida er den som er synleg.
All sann kjensle er løgn i intelligensen, fordi den foregår ikkje der. All sann kjensle har difor falskt uttrykk. Å uttrykke seg er å seie kva ein ikkje føler.
Hestane i kavalleriet formar kavalleriet. Utan dei ville kavalleristane vere fotgjengarar. Staden lokaliserer hendinga. Å vere midlertidig er å vere endeleg.
Å late som er å kjenne seg sjølv.
Álvaro de Campos
(Omsett av Øystein Vidnes. Trykt i Prosopopeia nr 2/2003)
|
||
[ skrift.no/vidnes - oystein.vidnes@skrift.no ]